Unåddkonferansen 2024

13.11.2024
Unåddkonferansen 2024: Konferansen som skal styrke og inspirere til å nå dei minst nådde i verda.

Tekst: Marianne Elle

IMI-kyrkja i Stavanger var i år vertskap for den nasjonale Unåddkonferansen, som samla rundt 500 deltakarar. Over 30 organisasjonar og menigheitar stod saman i arrangeringa av konferansen, og  målet er at Unåddkonferansen skal styrke norske menigheters og organisasjoners innsats for å nå unådde folkegrupper med evangeliet.

Det var flott lovsong under heile konferansen, og gjennom inspirerande talarar og vitnesbyrd frå menneske som lever i utfordrande land og under vanskelege forhold, vart alle både oppmuntra, utfordra og inspirert. Fleire delte historier frå feltet der dei opplever sterk forfølging og motstand, men til tross for dette, opplev dei også at evangeliet går fram, sjuke blir helbreida og at menneske som aldri før har høyrt, blir frelst. Mirakel skjer, og dette er inspirerande!

Unåddkonferansen 2024

 

Mange er framleis unådde
I dag finst det rundt 17 260 folkegrupper i verda, der heile 7 220 av desse framleis er definerte som unådde. Dette tyder på at om lag 42 % av verda si befolkning, eller 3,44 milliardar menneske, framleis ikkje har høyrt evangeliet. Dei fleste misjonsressursane i dag vert retta mot område der kristne allereie er til stades, medan dei unådde ofte lever i land og regionar med høg grad av motstand mot tradisjonell misjonsverksemd. Desse tala utfordrar oss til handling og nyskaping i måten me arbeider på, slik at fleire kan få høyre bodskapen om Jesus.

 

Besøk frå Mongolia
Eit inspirerande innslag på konferansen var besøket frå tre av dei fjorten fyrste tenåringsjentene frå Mongolia som vart døypt på 90-tallet, og som Evangelisk Orientmisjon har hatt tett samarbeid med det siste året. Desse unge kvinnene har delteke i ei enorm vekkingsrørsle dei siste tiåra. Frå og berre kjenne til fire kristne i landet, vert no fleire prosent av befolkninga rekna som kristne – ei utruleg veksthistorie om ein nasjon som var unådd! Dei tre damene  delte på to seminar og ei nettverkssamling på konferansen, noko som rørte og inspirerte mange.

Unåddkonferansen 2024Besøk frå Mongolia.

Samhald i å nå det same målet
Gjennom heile bibelen kan me sjå Guds plan og hjarte for nasjonane, og det står i openberringa at det skal vere nokon frå kvar stamme, tungemål, nasjon og folk føre tronen. Unåddkonferansen 2024 gav oss igjen ei sterk påminning om det store ansvaret som ligg på oss som Jesu disiplar: å nå ut til dei som enno ventar på å høyre.

Me som var på konferansen fekk knyte band med andre deltakarar og organisasjonar, og me kunne erfare den same driven og visjonen hjå alle som deltok. Denne einigheita og det felles hjarteslaget for å nå dei unådde gruppene i verda var tydeleg på tvers av alder og bakgrunn.

Alle generasjonar med på oppdraget
Det som gjorde årets konferanse særleg merkbar, var at halvparten av deltakarane var ungdommar/studentar/unge vaksne. Det var mange som var elevar ved Ungdom i oppdrag sine skular, og det var eit sterkt engasjement blant dei unge på konferansen. Mange av dei unge var både inspirerte og utfordra av bodskapen om at over 3,44 milliardar menneske framleis lever utan kjennskap til evangeliet, og noko av det som gjorde mest inntrykk var å sjå responsen til så mange unge som ynskjer å engasjere seg i misjon, og som har eit hjarte for dei unådde. Mange gjekk fram til forbønn under møta, og det var sterkt å sjå.

Ikkje alle kan og skal krysse landegrenser, men alle kan bidra der dei er, gjennom bønn og engasjement. Dette gjeld om ein er 20, 40, 50 eller 80 år – alle kan vere med på oppdraget, uansett alder.

Alt i alt kan konferansen oppsummerast slik: fantastisk! Og me anbefaler alle å reise på konferansen i Stavanger neste år. Sjekk gjerne ut heimesida til Unåddkonferansen: https://unådd.no/
Her kan du lese om unådde folkegrupper, sjekke ut andre ressursar, samt at du kan vere med i bøn for eit unådd folkeslag om dagen.

 

Powered by Cornerstone